Endeleg i gang med boka igjen. Ei av fleire lystige historier frå Murboligen i Odda er “Familiejul” som handlar om tobarnsfaren som er heime hos foreldra for å feire jul i Odda. Ein av mange frustrasjonar han deler med oss frå jula er når han ikkje får fred i dei 2×45 Liverpool spelar på TV2. Etter at dei raude har brent ein sjangse kjem følgjande: “… på reprisen kunne han sjå McAteer skyte over akkurat i det han fekk heile forbanna målet servert på sølvfat. Var det ikkje det han hadde sagt, Liverpool var berre ein gjeng homoar no, såg ut som ein gjeng fotomodellar som trippa utpå bana, ein gjeng primadonnaer sendt ut av ei modellmamma, elleve pyser livredde for å bli sveitte og få drit på dei fine draktene sine…… ” Frode Grytten nevner dei ikkje, men eg veit kven han saknar: Graeme Souness, Ronnie Whealan, Ray Hougton, Steve Nicol…



One Response to “Familiejul, Bikubesong”  

  1. 1 Øyvind Sandsmark

    Jeg føler denne siden ikke er helt oppdatert. Hvor blir det av Mors og fars historie-referatet?


Leave a Reply